Kvil i fred, pater Haram

Kvil i fred, pater Haram

Han var kanskje den stemma vi hadde aller mest bruk for i ei tid som vår. Søndag døydde prest, samfunnsdebattant og dominikanarmunk Arnfinn Haram.

Arnfinn Haram entra det offentlege Norge med eit brak tidleg på 90-talet då han gjekk offentleg i strupen på nissefjas og kommersialisering av julefeiringa. Den frittalande prosten i Loddefjord sette sinna i kok og inntok tabloidforsidene som ein mørkemann frå Vestlandet med det som i ettertid kan kallast ein betimeleg profetisk protest.

Sidan har han vore der. Dei siste åra som katolikk, teolog og samfunnsdebattant. Korleis det er mogleg at ein stokk konservativ munk frå Vestlandet kan ende opp med å bli omfamna av alle frå ytterste venstre til trauste bedehusfolk er knapt til å forstå. Truleg handlar det om at alle desse forstår seg på det som er ekte. 

Som prost i Loddefjord reiste han stadig til Bystasjonen i Bergen for å hente «bortkomne søner og døtrer». Og som asketisk munk tala han med fynd og kraft om vårt materialistiske samfunn. Han levde som han lærte. Ein eigenskap som aldri går av moten, i noko miljø.

Tenk berre etter, kven andre kunne ha sjonglert eigen spalte i Klassekampen, det å snakke frimodig om eige sølibat på Skavlan og så innleie til samtale om dei vanskelege bibelversa på kyrkja sin Trusopplæringskonferanse? Det er ikkje mindre enn eit mirakel det Arnfinn Haram har fått til.

Familie & Medier vil sakna han som ei truverdig og betydeleg stemme i den offentlege debatten. Vi takkar for alt han har fått til og vonar andre vil ta stafettpinnen vidare. Vi lyser fred over Arnfinn Harams minne.

 

Du kan lese nokre av minneorda her:

Tankesmien Skaperkraft

Vårt Land

Dagen

Aftenposten


Annonse1
Livssyn i journalistisk blindsone

Livssyn i journalistisk blindsone

Journalistikken er i krise. Det er påstanden og bakgunnen for rapporten som ble lagt frem på Nordiske Mediedager, der konsekvenser ble belyst og tiltak foreslått. LES MER
(15.05.2013)
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

— Det er underlig når et av vår tids viktigste verdispørsmål blir gjemt bort i en budsjettproposisjon, skriver VG på lederplass. LES MER
(14.05.2013)
Nordiske Mediedager

Nordiske Mediedager

Familie & Medier deltok på Nordiske Mediedager 2013 i Bergen. — Det var et nyttig og godt program med stor bredde i tilbudet, men jeg savnet fokus på temaet religion og livssyn sier Linda Askeland i Familie & Medier. LES MER
(13.05.2013)
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

I pinsen viser NRK filmen «Predikanten» som er regissør Elisabeth Kleppes svært personlige historie om predikantpappa Finn Kleppe.  LES MER
(13.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen