Medieskapt kyllingkrig om ekteskapet

Medieskapt kyllingkrig om ekteskapet

Den amerikanske debatten om likekjønna ekteskap råka uventa fastfoodkjeda Chick-fil A i sommar. Sosiale medier gjorde ein kylling til fem høns. Redaktør Halldis Bjerkvik Volle er redd nyansane vert borte i ordknappe Twitter-debattar.

16. juli uttalte Chick-fil-A direktør Dan Cathy seg slik til Baptist Press:

- Vi støttar familien - den bibelske definisjonen av ein familie. Vi er ei familie-styrt forretning, og vi er alle gift med våre fyrste koner. Vi vil gjere alt vi kan for å styrke familiane.

Intervjuet hadde kanskje gått i gløymeboka om ikkje sitatet vart snappa opp av landsdekkande amerikanske medier snappa som linka det til debatten om homofile sine rettar, skriv Billy Graham Evangelistic Association.

Twitterstorm

Kjende aktørar byrja umiddelbart å twitre sine meiningar. Frå Chicago kom Obamas tidlegare stabssjef Rahm Emanuel med følgjande statement: «Chick-fil-A sine verdiar er ikkje Chicago sine verdiar.» I San Fransisco uttalte borgarmeister Ed Lee at «Nærmaste Chick-fil-A er 40 miles unna og eg rår sterkt til at dei ikkje prøver å kome nærmare. Svært skuffa.» Og Bostons borgarmeister Thomas Menino: «Eg ber dykk innstendig om å skrinlegge planane om å etablere dykk i Boston».

Facebookaksjon

Omtrent der bikka det for Arkansas-guvernør Mike Huckabee som på si Facebookside lanserte 1. august som Chick-fil A Appreciation Day

Resultatet høyrde vi om også i norske medier. Milelange kyllingkøar, massiv støtte frå det amerikanske folkedjupet og eit par dagar seinare motprotesten National Same Sex Kiss Day.

På drøye to veker vart altså ei fastfood-kjede eit symbol for eller imot homofile ekteskap. Noko som neppe hadde skjedd utan sosiale media.

Twitter ueigna

Redaktør Halldis Bjerkvik Volle i Ungdom & Medier synest Twitter eignar seg dårleg til samfunnsdebattar av denne typen.

-  Med maksimalt 140 tegn misser ein lett nyansane og slik vert det raskt danna sterke motpolar på kvar kant. Deretter vert desse meir opptekne av å «kjempe» mot kvarandre enn å forstå dei andre sine grunngjevingar og diskutere derifrå, meiner ho.


Annonse1
Livssyn i journalistisk blindsone

Livssyn i journalistisk blindsone

Journalistikken er i krise. Det er påstanden og bakgunnen for rapporten som ble lagt frem på Nordiske Mediedager, der konsekvenser ble belyst og tiltak foreslått. LES MER
(15.05.2013)
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

— Det er underlig når et av vår tids viktigste verdispørsmål blir gjemt bort i en budsjettproposisjon, skriver VG på lederplass. LES MER
(14.05.2013)
Nordiske Mediedager

Nordiske Mediedager

Familie & Medier deltok på Nordiske Mediedager 2013 i Bergen. — Det var et nyttig og godt program med stor bredde i tilbudet, men jeg savnet fokus på temaet religion og livssyn sier Linda Askeland i Familie & Medier. LES MER
(13.05.2013)
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

I pinsen viser NRK filmen «Predikanten» som er regissør Elisabeth Kleppes svært personlige historie om predikantpappa Finn Kleppe.  LES MER
(13.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen