Menn opplever auka kroppspress Forside frå boka Feit.

Menn opplever auka kroppspress

På forsommaren tok forfattar og superslankar Kristian Fjellanger eit oppgjer med avisenes mange «få fin kropp til sommaren»-artiklar. Den nye trenden med falske magemusklar tyder på at han ikkje har nådd fram.

TV 2s God Morgen Norge fortalte nyleg at den siste trenden blant unge gutar er å påføre muskelskuggar og sixpack ved hjelp av sjølvbruningsspray. 

Professor ved Norges Idrettshøgskole, Jorunn Borgen, stadfestar eit rått kroppspress blant gutar og menn alt frå tenåra til dei på 50 pluss.

- Dei siste fem til ti åra er det blitt eit intenst fokus på mannskroppen. Før var det bare avkledte kvinnekropper som ble brukt i annonser og på boards. Men nå er den veltrente og definerte mannskroppen stadig oftere brukt i reklame, hevder idrettsprofessoren.

Medieskapt press

Forfattar av boka Feit og superslankar Kristian Fjellanger åtvara på forsommaren mot medias mange «slikfårdueinfantastisk-perfektsupersexysommarkropp»-artiklar.
 
- Det mest irriterande med desse artiklane er at dei som all anna propaganda sakte men sikkert sig inn og vert noko ein trur på. Ein får dårleg samvit når ein et ein lefsebete til kaffien eller brukar ein skvett med fløyte i sausen på sundagen. - Kan eg i det heile teke gå ut i sommar, eller må eg gøyme meg i skogen bak eit svært tre om eg skal sole meg?

Naken på coveret

Fjellanger som skreiv boka Feit etter å ha gått ned frå 140 til 70 kilo, bestemte seg difor i ærligheita sitt namn for å stille med rompa bar på coveret til boka. Det er trass alt normalt å verken vere «David Beckham eller Andreas Thorkildsen».

- Den kroppslege klassereisa frå å være eit fleskeberg på 140 kilo til å tørre å være ei vaskeekte mjukpornostjerne som er naken på bokcover, er lang. Eg vil tørre å seie at eg har tatt kroppen min tilbake, og eg syns at me som er vaksne menneske skal bruke sommaren til nettopp det: Ta kroppen tilbake - og syne at den kroppen du har til vanleg, og kan fungere som ein sommarkropp.


Annonse1
Livssyn i journalistisk blindsone

Livssyn i journalistisk blindsone

Journalistikken er i krise. Det er påstanden og bakgunnen for rapporten som ble lagt frem på Nordiske Mediedager, der konsekvenser ble belyst og tiltak foreslått. LES MER
(15.05.2013)
«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

«Ukens Ros» til VG og magasinet Henne

— Det er underlig når et av vår tids viktigste verdispørsmål blir gjemt bort i en budsjettproposisjon, skriver VG på lederplass. LES MER
(14.05.2013)
Nordiske Mediedager

Nordiske Mediedager

Familie & Medier deltok på Nordiske Mediedager 2013 i Bergen. — Det var et nyttig og godt program med stor bredde i tilbudet, men jeg savnet fokus på temaet religion og livssyn sier Linda Askeland i Familie & Medier. LES MER
(13.05.2013)
Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

Dokumentarfilmen «Predikanten» vises på NRK1

I pinsen viser NRK filmen «Predikanten» som er regissør Elisabeth Kleppes svært personlige historie om predikantpappa Finn Kleppe.  LES MER
(13.05.2013)

Gi Gave

Drømmen: Jesus i mediene

Drømmen: Jesus i mediene


Kan vi forvente at norske tv-kanaler som NRK, TV 2 og TV Norge skal preges av kristen tro? Eller må vi som kristne egentlig bare resignere og ta til takke med de lysglimtene som tross alt finnes i sendeskjemaet?

Les mer

Hva skjer?


10 juni
Styremøte i Familie & Medier
 
>Se hele kalenderen